torsdag 9. desember 2010

TåOpp

                                            Deilig lange sokker som er strikka fra tåen og opp.


Prøvde å få dei like, det såg veldig bra ut heilt til siste del, men det gjer ingenting.
Strikka dei i Fame Trend.
Er ca str 37, strikka på pinne nr 3,5.

Og et par til.

Men desse i tjukt garn, så dei er varme og gode. JH, den yngste, som bestilte dei, men er eg sjøl som bruker dei. Strikka i Robust.



                          Dei er litt for store til meg, så får lage et par til, for dei er kjempedeilige å bruke.
                                                                    Ca str 39 på pinne nr 5.


lørdag 27. november 2010

Oj,oj......

Nytt kamera..... Ooooh, sååå spennande. Det ligg no til lading, eg går berre å kikka og venta spent på at det skal bli ferdig. Les bruksanvisninga no, så e klar til shooting.


                                                                 Her er vidunderet :-)

                                                                   Stor god skjerm på 3"
                                         Lucky me, får finne på noe kjekt så tida går litt fortere.

søndag 14. november 2010

Skal være med på messe

Kunsthuset arrangerer messe, 
og ble da spurt om å være med... og klart det. 
Har ikke så mange ting på lager. 
men da får eg sette igang å lage noe.
  Har strikka en Mariusgenser igjen,
så da får den være med.

Den er i str 4 år. Strikka i Superwash sportsgarn fra Gjesdal.
Pinne nr 3,5


                 Igjen i rundfelling, det har blitt min strore favoritt, 
ferdig når den er ferdig da liksom
      i og med at montering ikke er min "greie".

     =============================

                                                              Har også blitt nokre kluter.



Dei og blir med på messa.
Den brune i -Føn-
Dei to andre i restegarn, så det er ukjent.

søndag 24. oktober 2010

Nytt sjal

                                                                 Har strikka et sjal til.              
                               Denne gangen i et garn som heiter "Fame Trend", fra Marks & Kattens
                   Kjøpte det i Sverige i sommar, då vi var der og besøkte broren min og hans familie.
                                  Må alltid ha med en "suvenir" heim, og dette var en av dem.



Syns fargane var nydelige, rolige og avdempa.

Her ligg det til blokking, ca 50 x 150

fredag 15. oktober 2010

Veske

                                              Vesker får du aldri nok av, så "måtte" ha ei i lilla.


Lika store vesker, så denne og er ganske stor, får plass til masse da "vettu"


Applikerte på hjerter.

Stoffet ligna litt på lin, men veit ikkje heilt om det er det.

Ha ei riktig god helg :-)

søndag 10. oktober 2010

Tøfler

   
                                                                      Har strikka tøfler.
                   Prøvde meg på Dzombatøfler og Bosniatøfler. Begge var kjekke og fort gjort å lage.
                                                                   Og spennande når det er nytt.

                                                                       - Bosniatøfler -

Det første paret.



Med det andre paret fann eg ut at eg ville prøve og få dei til å sitte litt bedre på foten, så strikka litt anna slags brot. Og det samme under foten. Syns egentlig dei vart litt bedre. Fargevalget er fra restekassa mi, så derfor så fargesprakande :-) men pytt pytt, dei er til heimebruk. 


- Dzumba -


Desse var også etter mønster. Har ikkje tatt meg nokre "friheter" enda med desse.
God på foten desse og.

Alt er restegarn, så veit ikkje kva det er. Men strikka på pinne 4 alle sammen.


lørdag 2. oktober 2010

SJAL i Delight

Mitt første Multnomah-sjal. Strikka i Delight fra Drops. Mange flotte fargekombinasjoner.



Fine farga som kjem fram etterkvart, spennande og strikke når det er fleirfarga garn.
Kunne tenkt meg at det var litt mindre av det brune, men syns det vart bra likavel.
Et deilig og fint garn og strikke av,


Her har eg leika meg med Photoscape, prøv.... det er kjempegøy :-)

lørdag 25. september 2010

KJØKKENKLUTER

Det er alltid greit med restegarn, iallefall når det er nok til en liten ting. Som for eksempel en kjøkkenklut, eller to. Sånn innimellom når du vil strikke noke der en ikkje treng å tenke....


Her er ensfarga og fleirfarga, der det var nok garn, og der det ikkje var nok garn.



Forskjellige mønster.



Her er meir restegarn, så fleire blir det nok.

fredag 17. september 2010

STOR HALS

                                             Den midterste datra mi ønska seg en stor hals/krage. 
                                                   Den skulle være i en gråfarge sa ho.
                                                    Eg tok meg den frihet og kjøpte et melert garn .
                                                Spent tok eg fatt på oppgava, ville ho like fargane??



Etterkvart som eg strikka, kom den eine etter den andre fargen fram, for når eg valgte garnet, viste berre den grå og litt av den brune, så dette vert spennande tenkte eg.



Her e ho, glad og fornøgd med kragen sin.
Den er strikka i Murano fra Austermann på pinne nr. 9.
Den vart deilig og mjuk, strakk seg masse på lengda, så ho får den to ganger rundt halsen.

----------------------------------------------------------

Har installert Lightroom på pc'n min, og det er i læringsperioden enda,
så derfor fann eg ikkje fleire bilder. Men har som mål og lære maaasse.
Så kanskje eg blir deen eksperten snart hehe
Jaja, lov og håpe. 

God helg til alle sammen    


mandag 13. september 2010

STRIKKEVESKE

Den eldste datra mi har lært å strikke. 
Ho kom en kveld i full frustrasjon og trengte hjelp med strikket sitt. 
Hjelp fikk ho. 
Men eg hengte meg opp i det ho kom med strikketøyet sitt i, et plastnett med hol i...... jaja tenkte eg. 
Så eg heiv meg rundt og fikk sydd ei strikkeveske.

.
Foret er i en lysegrå farge.

tirsdag 7. september 2010

Stor veske

                            Fann ut at eg trengte ei litt stor vesk. Kjøpte mønster på Stoff og stil.
                    Den er sydd av dukstoff eller ka eg ska kalle det fra Jysk, foret hadde eg fra før. 


Det er legg rundt heile botnen, derfor vart den ganske stor.




Sydde inn lommer på kvar side, to små og ei stor

No mangler eg bare nokre trykknapper, så er den ferdig.
Men den har vore i bruk, og det var goood plass.

torsdag 2. september 2010

Krympestoff

                                   Har prøvd meg på krympestoff, og det var kjempekjekt å holde på med.
                          Fikk tid til kun ett prøveprosjekt, men så snart eg kan, skal eg gjer meir av det ja.


Klipp, appliker


Stryk, og sy dei sammen.
Og vips, så har du et søtt hjerte.


lørdag 28. august 2010

OLIVE - genser

Her er mitt alternativ til Olive-genser. 
Har sett den i utallige fargekombinasjoner, og alle er like fine. 
Den er strikka fra halsen og nedover, kjekt. 
Første gang eg strikka en genser på den måten.


Den er strikka i Fotrama, et nydelig garn, på pinne nr 3.


I mangel på modell, så må man være litt kreativ.

Prøvde meg på et sjal også, men som du ser så rekte eg det opp igjen. eg brukte pinnestr som stod på garnet, men det vart tjukt og tett. Fann ut at eg måtte skifte pinna, og det vart myyykje bedre. Det ferdige resultat kjem seinare


mandag 23. august 2010

Forskjellig småstrikk

                                                                      Mariusgenser
Strikka mariusgenser for ei stund sidan, str 4 år i Gjesdal babyull. Kjempekjekk og strikke, og det gikk også fort. Hadde nok garn, så det vart ei lue også.



Kjekkasgenser.
Huska ikkje ka garn eg strikka denne i. Denne og trur eg var i str 4 år.


Er så greit å strikke småplagg

Denne er strikket i Step, deilig garn også til gensere og bukser. Str 1,5 år.
Raglanfelling er jo heilt supert da

onsdag 18. august 2010

KJÆRLIGHETSKNUTER

Endelig ferdig med skjerfet i englemasker/kjærlighetsknuter. Er nybegynner innen heklefaget, så har brukt litt tid på det ja, men har hatt mange andre prosjekt på gang innimellom.  
Har hekla det av tynn alpakka, og heklenål nr 2,5.





Hekla et i haust også, det var ei gave.
På det brukte eg Elfingarn. Litt tjukkare enn det andre, men deilig og mjukt


onsdag 11. august 2010

Litt sying

Har sydd meg nokre korger. Kjekt å ha i skuffer til både det eine og det andre. Den lille var heilt perfekt men den store vart litt for stor, kantane dett ned. men skal nok klare og finne noke lurt og bruke den til uansett :-)
Var så godt igang at eg ville sy en til, men hadde ikkje meir stoff. Da kom eg på dei gamle juledukane mine. Og her vart det korg av det og. Tenk så kjekt da når desember kjem og eg skal ta fram duken min, så er den vekk. Da må eg på shopping, juhuu.
Ja, no høres det ut som eg har berre en duk da, men alltid en unnskyldning til å shoppe :-)


fredag 6. august 2010

Babyjakke

Har strikka ei jakke i str 3-6 mnd. 
Såg veldi kjekk ut å strikke, men veit ikkje heilt kva eg skal sei. 
Langdrygt og treigt gikk det, trur ikkje eg strikka ei sånn en gong til.
Den er strikka i Gjesdal babyull på pinne nr 3,5



Strikka og ei lue, praktisk og god.
Det var ei gave, og den er overlevert, håpe berre det passa.

Himmel og hav

Er som sagt veldig glad i å ta bilde. 
Har hatt nokre flotte fototura, litt hit og litt dit. 
Tross en ikkje så bra sommar, så fe ej tenke tilbake på desse fine turane. 






onsdag 4. august 2010

HJERTELIG VELKOMMEN

Velkommen til bloggen min.
Takk for at du stikk innom en tur. Her vil du finne det eg pusler med på fritida mi, hobbyane mine, og det eg styrer med rundtomkring. Treng nok ei stund før eg er kjent med bloggen min, så vær tålmodig, her kjem innlegg etterkvart :-).
Snakkast