lørdag 29. januar 2011

Meir tåopp

 Jauda, har strikke et par til. Denne gangen i svart. Kjøpte to nøster, og det var et deilig garn. Det heiter The  Strong One, fra Gepard, Italiensk, og består av 75 % ull og 25 % nylon, superwash 30 gr. Pinner nr 3.


Mønsteret blei til etterkvart, hadde bare bestemt meg for å strikke noken svarte lange strømper, så får ej sjå korleis dei blir, tenkte eg. Var innom mange forskjellige mønster og border før det vart som det vart.


Ser at eg kunna strikka mønsteret litt lenger, men var redd det skulle bli for lite garn igjen.
Har endatil hekla pikotkant rundt oppe


Den vart ikke stor, men den viser :-)
Så, no er neste prosjekt på pinnane. 

søndag 23. januar 2011

TåOpp igjen

er igrunnen litt kjekt å strikke sokker, iallefall når det er tåopp. Har laga et par i Opal, gode og lange. Men kunne nok vore strikka på et til 1/2 nummer mindre pinner.

Her er mi kjære datter modell, med lysande neglelakk på, hehe.


Mønsteret er ifra et panneband, men det går fint an å bare strikke mønsteret en gang, og glattstrikk resten rundt. Det var det eg gjorde på desse.


Garn: Opal
Pinner: 4

No skal eg sette meg ned og kose meg med neste paret som er på pinnane, håper og bli ferdig med dei i dag.


søndag 16. januar 2011

SMÅ MAPPER

Ja, kan vel kalle dei mapper, eller vesker(??)


En lite, som er den første eg har laga åleine, 


Og den største.


Som du ser, så er dei ikkje så store, planen var å lage nytt til skulestart til minstejenta, men det vart for lite til å ha penner og skuleting i. 
Og det største vart ei gave.
Men har stoff i metervis, så det er berre tida og inspirasjonen som stopper. 


søndag 9. januar 2011

Sjal

Hadde et sjal i et innlegg for nokre månader sidan, og det er jo ferdig no da. Det var med på messa, men vart ikkje solgt


Vart altfor lite, så måtte gå opp nokre nummer i pinner. Når eg gjorde det, vart det normal størrelse på sjalet.




Hadde glemt å ta bilde av det, så bildet her er fra messa, med prislappen på baksida.
Fargen er ikke heilt som den skal være, er meir turkis i virkeligheita.

Mønster fra Garnstudio
Pinne nr 5
Garn: Mirasol
Mål ca 130 x 50

.

søndag 2. januar 2011

Godt Nyttår ønskes til alle

Har jo vore litt produktiv i jula også. Strikka et panneband tilhøyrande en Mariusgenser eg strikka i vår. Har ikkje komt så langt at eg har blogga om den enda, men her er den. Det var Benedicte som ønska seg den.  Og klart, når det vert ønske om noko, så får en strikke det da :-)
Og selvfølgelig i rundstrikk, favoritt det no.

Begynte også på en tunika til meg sjøl, den kjem i et seinare innlegg.











Pannebandet


Lue
Den hører ikkje til denne genseren, men til barnebarnet i str 2-3 år.
Dusken er ikkje komt på når bildet vart tatt, men er komt på før den vart gitt bort.
                            Genseren og pannebandet er i "Superwash" fra Gjesdal på pinne nr 4,
                                                               lua er babyull på pinne nr 3,5