lørdag 17. desember 2011

SOKKER

Det snør ute. Og da er det deilig å sitte inne og sjå ut, og gjerne et strikketøy mellom hendene. Og det har eg som regel alltid. Desse sokkane blei jo ferdig for lenge sidan da, men først no vert dei blogga.


Desse er til min mann. Eg prøve og få dei like, men med sånt garn, ja det har eg gitt opp.
Brukte akkurat et nøste på begge to.


Men huff og huff for et rot i garnet. Begynte nemlig både på utsida og innsida samtidig. Så brukte mykje tid på opprydding i nøstet :-)

¤=¤=¤=¤=¤=¤=¤¤=¤=¤=¤=¤=¤¤=¤=¤=¤=¤=¤=¤



Desse er til minstedatra




Her er det ho mor sjøl (eg), som er modell, og som du da ser så er dei grå altfor store til meg. 
Dei cerise går et stykke opp på leggen, så dei er lange og gode.

Dei cerisefarga er strikka i Rubin fra Spar Kjøp på pinnenr 4
Dei grå på pinnenr 4,5 i, ops, kjem ikkje på det.
Kanskje eg husker det seinare

Har vore å kjøpt garn idag, så no blir det å legge opp til det, jippi.
-------------------------------------------------------------------

Ha en fortsatt god lørdagskveld.


1 kommentar:

Linda sa...

mange fine labbar du strikkar. Slikt giddar ikkje eg. Då må dei i allefall f\vere små :)

Legg inn en kommentar